Til innholdet

6385 visninger

Opera Nordfjord



Hans og Grete

Vakkert, skummelt og morosamt

Billettsalet er i gang for den vakre, skumle, sjarmerande, morosame og gripande operaen Hans og Grete, etter Brødrene Grimm sitt eventyr. Her er garantert noko for ein kvar smak: først og fremst storslagen, romantisk musikk, dernest folkelege barnesongar vi kanskje har høyrt før, himmelsk ballettmusikk når dei fjorten englane kjem ned og vakar over borna i skogen, ei skikkeleg fæl heks i eit pepparkakehus i skogen, ei ond stemor, og framfor alt: modige born.

Operaen er både ein fullskala opera for vaksne, med «moden» musikk, men òg ein spennande opera for barn. Så her kan heile familien gå saman, sjølv om det nok kan bli litt for skummelt for dei aller yngste borna.

Det kunstnariske teamet består av regissør Jeff Pedersen frå USA/Stongfjorden, kunstnarisk og musikalsk leiar Michael Pavelich,  scenograf og kostymedesignar Åse Hegrenes, lysdesignar Marianne Thallaug Wedset, regiassistent Gareth Taylor, koreograf Candice Bredesen, maskør Ingunn Schumann Mosand og rekvisitør Anndi Bergset. Inspisient er Sofia Berg og repetitørar er Andreas Løken Taklo og Tone Støylen Holgersson.

Hans og Grete hadde verdspremiere i Weimar i Tyskland Lille Julaftan 1893, dirigert av sjølvaste Richard Strauss, og operaen vart straks ein publikumssuksess for både vaksne og born.  Operaen er av dei kjæraste og meste spelte i operalitteraturen, og no er turen komen til Opera Nordfjord. Vi har ønskt å setje opp dennne operaen sidan vi starta opp i 1998. Etter 21 år er vi klare og gler oss til premiere onsdag 2. oktober og øvrige framsyningar 3., 5., 6., 8., 9.,11. og 12. oktober.

Artikkel slutt.


Familieopera og julekonsert på haustrepertoaret

Det kunstnariske teamet i operaen Hans og Grete har store planar for årets hovudproduksjon og lovar ein ekte eventyropera med magi, skrekk og gru, humor, mykje glede og uvanleg vakker musikk! Og sjølvsagt endar det bra; Heksa vert overvunnen av Hans og Grete, og alle peparkakene vert igjen til levande born.


Det kunstnariske teamet i Hans og Grete: Jeff Pedersen, Åse Hegrenes, Michael Pavelich, Marianne Thallaug Wedset, Anndi Bergset, Candice Bredesen, Gareth Taylor, Ingunn Schumann Mosand

Solistlaget i Hans og Grete har lenge sett fram til første felles øving, og måndag 2. september går startskotet for dei første regiprøvene i operahuset i Bjørvika, før dei set kursen vestover og møter kor og dansarar på Nordfjordeid 14. september. Det kunstnariske teamet og dei lokale dugnadsgruppene er i gang med å førebu kulisse-,  kostyme- og lysarbeid, og dei neste seks vekene vert det nedlagt tusenvis av timar for å få produksjonen sceneklar til premieren onsdag 2. oktober.

Heile åtte framsyningar vil gi nærmare fire tusen publikummarar ein sjanse til ei stor oppleving. Det er billettar tilgjengeleg til alle framsyningar på www.operanordfjord.no. lat ikkje sjansen gå frå deg til å nyte Humperdinck sin vakre musikk og Brødrene Grimm sitt folkekjære eventyr gjennom tolkinga til våre solistar, dansarar, koristar og vårt profesjonelle operaorkester. 34 born og ungdommar frå heile Nordfjord deltek i dans og kor, så operaen passar svært godt både for eit trena og utrena operapublikum, både vaksne operakjennarar og born som aldri har vore på opera før – velkomen til kvar og ein!


Solistlaget for Hans og Grete: Oppe frå venstre: Marika Schultze (Hans), Vibeke Kristensen (Grete), Trond Halstein Moe (Faren), Siv Oda Hagerupsen (Mora), David Fielder (Heksa) og Elisabeth Gimmestad (Duggfe/Jon Blund)

Velkomen til Facebooksida vår, Opera Nordfjord, der du finn fortløpande informasjon, bilete, videoar og nyhende – gå inn og lik den, så kjem informasjonen lettare til deg